søndag 2. desember 2012

Sansa, del 1

Sidan eg eigentlig burde skrive essay men i staden prøver å finne ut kvar eg kan få tak i sytråd her borte (oja, hei, eg bur i England nå, viss det er nokon som ikkje har fått med seg det).  Så eg tenkte at eg kunne like godt lage eit blogginnlegg til, sidan eg var så godt i gang før i dag.

Eg har nemlig store planer om å sy meg denne kjolen:


Biletet til venstre har rett farge, men til høgre er beltet med. Som eg allereie har laga! Og ser sånn ut:


og er resulatet av mange dagers slit og vonde fingre, og eg lover at eg skal aldri lage chainmail igjen i mitt liv. Eller, i så fall skal eg vertfall ha ein betre wirecutter. 


Uansett, eg fekk stoffet mitt (åtte meter! Eg har aldri bestilt så mykje stoff på ein gong i mitt liv) i posten her om dagen, og det er PERFEKT!


Eg har også funnet linsene eg skal bruke, farga håret, farga extensions og funnet ut korleis eg skal ha dei for at det skal fungere. Så nå er det berre å lage mønster og klippe og sy til fingrene detter av. 

Det eg trur blir verst er nok mønsteret til ytterkjolen, men den tid den sorg. 

Forhåpentligvis blir eg ferdig med dette til våren ein gong, fordi eg har planer med min venn Sina (som du kan stalke cosplayene til her. og tru meg, det vil du, dei er fantastiske), som skal vere Margaery sammen med meg, og vi skal erobre the seven kingdoms! Eller vertfall finne bra con som vi kan dra på sammen. Så, eg gleder meg! 

Vel, også fordi Sansa er best <3 Men det er ekstra kjekt å kunne cosplaye saman med folk.

Så. Det. Eg får vel prøve å skrive litt essay. Ønsk meg lykke til!




Middelalderkostyme

Oi hei lenge sidan sist. Eg tenkte at sidan eg er treig på å skrive om ting, og eg ikkje har teikna så mykje spanande ting i det siste (trur eg), så kunne eg poste nokre av kostymene mine i staden. Og eg vil begynne med kjolen eg lagde til Oslo Middelalderfestival som var i våres ein gong.

Eg finn ikkje igjen teikningane mine til korleis kjolen skulle sjå ut, men jaja. Her er vertfall stoffet eg endte opp med å bruke. Eg fann ikkje lin i den fargen eg ville ha, så eg kjøpte eit som var salviegrønt og brukte blå stoffarge til å få det slik eg ville.


Her er vertfall planen for korleis kappa mi skulle bli. Ikkje like mykje research og dette-skal-bli-100%-autentisk, her, men eg prøvde å vertfall få den til å sjå sånn omtrentlig ut som den kunne passe inn.

Denne kappa er likevel kanskje det beste eg har laga nokon gong. Den er varm og ullete (uten å vere kløete) og fantastisk og eg har fleire gongar sovet i den i staden for dyne.



Eg måtte sjølvsagt også ha noko å oppbevare ting i, så eg lagde ein liten veske/pose/ting (dvs eg lagde to, men den andre har eg ikkje bilete av) til å henge på beltet.


Ladida prosess!





Og til slutt, det ferdige resultatet:









Biletet øverst er tatt av min far, i midten av Karoline Andersen, på veg til/på middelalderfestivalen.

Bileta under er fra Desucon, der eg lekte alv, og er tatt av Ingrid Marie Bragdø (venstre) og Danarki (høgre).



Så det! Neste kostyme eg held på med er eit cosplay av Sansa fra Game of Thrones, men det skal få sin eigen post når eg har litt meir å vise fram. Kanskje.

onsdag 6. juni 2012

Artblog og eksamen

Hei, sorry eg ikkje har posta på lenge, eg har vert fullstendig oppslukt av skule. Nå held eg på med eksamen, så det blir nok ikkje så mykje framover heller, men eg har masse prosjekt for sommaren som eg håper eg kan få skrevet litt om.

Til den siste oppgåva vår på skulen (bortsett frå Tema 16, som gjekk over heile semesteret), skulle vi promotere oss sjølv, og eg laga til det ein artblog. Der kjem eg berre til å poste teikningar og relaterte ting, medan denne bloggen er litt meir generell. Den er også på engelsk, både fordi det er meir praktisk og fordi eg flytter til England for å ta resten av bachelorgraden min til hausten.

Den nye bloggen min heiter long shot illustration, og eg har allereie laga ein post der om Tema 16 / Hamalon.

Her er ein liten del av det eg posta der, berre så denne bloggposten ikkje skal føles så tom (og så de veit kva de går til om de skulle finne på å følge linken?)







søndag 20. november 2011

Europa

Som dei fleste personar som draumar om å leve av å lage teikneserier/illustrere, har eg aaalt for mange jern i ilden, og alt for lite tolmod. 

Men sidan eg driv på med Tema X - ei oppgåve i fire deler der vi skal jobbe med å utfordre oss sjølv og bli flinkare på dei tinga som passer til det vi vil for oss sjølv - og denne oppgåva var som skapt for å leke med teikneserie igjen, begynte eg på alien-teikneserien min, som foregår på Jupiters måne Europa. Eigentlig var planen å bli ferdig med fem sider, men eg skjønte ganske fort at det ikkje var mogleg. Så, fire skisser og ei side ferdig håper eg går an å få til til imorra. 

Uansett, her er ein WIP av side tre. Framleis ein del igjen, og eg må nok tweake veldig masse på den, men i det minste byrjar det å likne på noko nå.

PS: Sidan ingen faktisk har vert der ute (eller inne, as it were) kjem eg til å ta meg MANGE kunstneriske friheiter. Ein del som eg sjølv også trur at aldri kan gå an, men, det er jo lov å håpe. 

fredag 14. oktober 2011

Steampunk Pirates of Whatnot

For litt over eit år sidan fekk eg ein ekstrem inspirasjons-boost og lagde sånn seks-sju karakterar på ein dag. Desse kom etter masse obsessing over steampunk, så det var sjølvsagt berre logisk at dei havna i eit slikt univers. Seinare kom fleire karakterer, og eg begynte å lage ein teikneserie. Denne tar sjølvsagt utruleg lang tid, og eg er ikkje ferdig med den første sida ein gong (full farge. nei, eg aner heller ikkje kva eg tenkte på), men eg har laga massevis av karakterskisser. Eller, ein del, vertfall. Så eg tenkte eg kunne dele det eg hadde her, vertfall.

Så. Handlinga er satt i framtida, antakeligvis London, og hovudpersonane mine er pirater på eit skip. Eit sånt eit som går på vatnet. Dei har også tilknytning til eit luftskip og ein ubåt, men er i all hovudsak uavhengige. Eg har.. eigentlig ikkje noko aning om kva som kjem til å skje enno, men eg har vertfall masse bakgrunnshistorier, så det er no ei byrjing, vertfall.


Dette er Wilhelmina, kaptein på piratskipet, og hovudpersonen min, saman med dottera Mehitabel:


Nå er ikkje dette akkurat dei kleda Mehitabel (eller Hitty, som ho føretrekk, og eg også, fordi, yep, langt) går i til vanlig, men det var det einaste eg hadde på maskina mi, så det får duge. 



Marie og Thom er berre nokre dagar gamle, så dei har ikkje fått så mykje design enno, anna enn det visuelle, men begge høyrer vertfall til piratcrewet.


Tryphena er ein spion og informasjonsdealer som "offisielt" jobber på biblioteket i byen, men gjer tenestar for mellom anna piratene. Ho skulder Wilhelmina veldig mykje, av grunnar ingen andre veit. 


Jeanine er den yngre halvsøstra til Wilhelmina, som høyrer til overklassen og draumer om å eige eit stort luftskip.


Og til slutt (cue masse familiedrama) har vi tre karakterer som ennå ikkje har fått navn, men dette er mora til Wilhelmina, faren til begge (obviously), og mora til Jeanine. Dei to sistnevnte er framleis gift (trur eg), medan mora til Wilhelmina har eg ikkje bestemt meg heilt for enno. Dette er korleis dei såg ut ein del år før tida hovudhistoria mi foregår i. Antakeligvis medan Wilhelmina og Jeanine framleis var små. 

Eg har også ein haug av detaljer om kvar av karakterane og ein del andre ting, men eg trur dette held for no. Vel, eg kan legge til WIP-en av den første sida eg har teikna, i det minste. Og der er Hitty i sitt vanlige antrekk også. Så. Sånn:


mandag 10. oktober 2011

Adventure Time!

Ooops, det er visst kjempelenge sidan eg har posta noko her. Det er nok mest fordi eg har hatt så sjukt mykje å jobbe med, både på skulefronten og ellers.

Uansett. I forrige veke fann eg ut at eg berre var nøydd til å sjå Adventure Time, og nå har eg snart sett ferdig dei to første sesongane. Så etter å nettopp ha blitt ferdig med eit oppdrag for Jazz på Jølst (som eg kanskje kjem til å poste ting om seinare), ville eg berre teikne noko enkelt og gøy, så då vart det Princess Bubblegum og Lumpy Space Princess i ein haug av rosa skyer.


Eg har tenkt til å lage fanart av Adventure Time som eg bruker litt meir tid på og prøver å teikne i min eigen stil, men enn så lenge så var dette vertfall eit hærlig avbrudd frå meir seriøse ting.

torsdag 8. september 2011

Arwen Undómiel

Eg såg Lord of the Rings: Two Towers her om dagen, fekk fullstendig dilla igjen, og her er resultatet av dét:

Det var ikkje eigentlig meininga å forsøke å etterligne Liv Tyler, men sidan eg syns ho er ein perfekt Arwen så vart det ein blanding av henne og mine eigne idéar.

Eg er også klar ovar at eg har faila kjempemykje på 30 day challengen. Eg vil definitivt gjere den ferdig, men 30 consecutive days klarte eg ikkje, nei.