torsdag 8. september 2011

Arwen Undómiel

Eg såg Lord of the Rings: Two Towers her om dagen, fekk fullstendig dilla igjen, og her er resultatet av dét:

Det var ikkje eigentlig meininga å forsøke å etterligne Liv Tyler, men sidan eg syns ho er ein perfekt Arwen så vart det ein blanding av henne og mine eigne idéar.

Eg er også klar ovar at eg har faila kjempemykje på 30 day challengen. Eg vil definitivt gjere den ferdig, men 30 consecutive days klarte eg ikkje, nei.

søndag 4. september 2011

30 day drawing/art challenge - dag seks

Something you've never drawn before.


Fyeah Mummimamma og Lille My! Og særs skissete teikning og fargelegging fordi eg var lat.

lørdag 3. september 2011

30 day drawing/art challenge - dag fem

Eg hadde eit lite avbrekk frå dette grunna besøk, men no er eg tilbake for fullt, håpar eg.

Your favourite outfit.


Sidan eg har så mange ulike stilar, følte eg at det hadde vert feil å teikne berre eit outfit til dette. Så dette er dei fire hovudstilane eg brukar, og det går veldig enten i periodar eller på dagsformen / nerderetninga kva eg går med til vanleg. Likevel er det eit par ting som går igjen. Til dømes tykkjer eg bukser er kjempeekle å gå i, og brukar aller helst skjørt eller kjolar i alle samanhengar.

Dette vart litt meir latskapsprega enn dei forrige teikningane, men eg skal prøve å lage noko finare i morgon.

Credit where credit is due: Green Lantern skjorta eig eg, men biletet er tatt frå Superherostuff.com, der eg bestilte den frå (og det forøvrig er massevis av fantastiske nerdete t-skjorter og anna).

Når symaskina er øydelagt...

...danser musene på bordet!

Eventuelt tek ein fram nål og trå og syr for hand. Så etter at Ingrid Marie drog heim i dag vart eg sittande ved kjøkkenboret med eit stykke ullstoff. Dette stoffet (som eigentlig var ein gensar) har eg hatt sidan ei oppgåve på vidaregåande, der vi klipte og tova massevis av gamle ullklede frå FreTex, og eg forelska meg slik i stoffet at eg tok det med heim for å kunne sy noko av det ein dag. Den dagen vart visst i dag.

Og når eg først syr/lagar meg noko så må eg sjølvsagt fram med sminkekosten og parykkar og slikt etterpå, så eg kan vise det fram litt skikkelig. Her er vertfall resultatet: