søndag 20. november 2011

Europa

Som dei fleste personar som draumar om å leve av å lage teikneserier/illustrere, har eg aaalt for mange jern i ilden, og alt for lite tolmod. 

Men sidan eg driv på med Tema X - ei oppgåve i fire deler der vi skal jobbe med å utfordre oss sjølv og bli flinkare på dei tinga som passer til det vi vil for oss sjølv - og denne oppgåva var som skapt for å leke med teikneserie igjen, begynte eg på alien-teikneserien min, som foregår på Jupiters måne Europa. Eigentlig var planen å bli ferdig med fem sider, men eg skjønte ganske fort at det ikkje var mogleg. Så, fire skisser og ei side ferdig håper eg går an å få til til imorra. 

Uansett, her er ein WIP av side tre. Framleis ein del igjen, og eg må nok tweake veldig masse på den, men i det minste byrjar det å likne på noko nå.

PS: Sidan ingen faktisk har vert der ute (eller inne, as it were) kjem eg til å ta meg MANGE kunstneriske friheiter. Ein del som eg sjølv også trur at aldri kan gå an, men, det er jo lov å håpe. 

fredag 14. oktober 2011

Steampunk Pirates of Whatnot

For litt over eit år sidan fekk eg ein ekstrem inspirasjons-boost og lagde sånn seks-sju karakterar på ein dag. Desse kom etter masse obsessing over steampunk, så det var sjølvsagt berre logisk at dei havna i eit slikt univers. Seinare kom fleire karakterer, og eg begynte å lage ein teikneserie. Denne tar sjølvsagt utruleg lang tid, og eg er ikkje ferdig med den første sida ein gong (full farge. nei, eg aner heller ikkje kva eg tenkte på), men eg har laga massevis av karakterskisser. Eller, ein del, vertfall. Så eg tenkte eg kunne dele det eg hadde her, vertfall.

Så. Handlinga er satt i framtida, antakeligvis London, og hovudpersonane mine er pirater på eit skip. Eit sånt eit som går på vatnet. Dei har også tilknytning til eit luftskip og ein ubåt, men er i all hovudsak uavhengige. Eg har.. eigentlig ikkje noko aning om kva som kjem til å skje enno, men eg har vertfall masse bakgrunnshistorier, så det er no ei byrjing, vertfall.


Dette er Wilhelmina, kaptein på piratskipet, og hovudpersonen min, saman med dottera Mehitabel:


Nå er ikkje dette akkurat dei kleda Mehitabel (eller Hitty, som ho føretrekk, og eg også, fordi, yep, langt) går i til vanlig, men det var det einaste eg hadde på maskina mi, så det får duge. 



Marie og Thom er berre nokre dagar gamle, så dei har ikkje fått så mykje design enno, anna enn det visuelle, men begge høyrer vertfall til piratcrewet.


Tryphena er ein spion og informasjonsdealer som "offisielt" jobber på biblioteket i byen, men gjer tenestar for mellom anna piratene. Ho skulder Wilhelmina veldig mykje, av grunnar ingen andre veit. 


Jeanine er den yngre halvsøstra til Wilhelmina, som høyrer til overklassen og draumer om å eige eit stort luftskip.


Og til slutt (cue masse familiedrama) har vi tre karakterer som ennå ikkje har fått navn, men dette er mora til Wilhelmina, faren til begge (obviously), og mora til Jeanine. Dei to sistnevnte er framleis gift (trur eg), medan mora til Wilhelmina har eg ikkje bestemt meg heilt for enno. Dette er korleis dei såg ut ein del år før tida hovudhistoria mi foregår i. Antakeligvis medan Wilhelmina og Jeanine framleis var små. 

Eg har også ein haug av detaljer om kvar av karakterane og ein del andre ting, men eg trur dette held for no. Vel, eg kan legge til WIP-en av den første sida eg har teikna, i det minste. Og der er Hitty i sitt vanlige antrekk også. Så. Sånn:


mandag 10. oktober 2011

Adventure Time!

Ooops, det er visst kjempelenge sidan eg har posta noko her. Det er nok mest fordi eg har hatt så sjukt mykje å jobbe med, både på skulefronten og ellers.

Uansett. I forrige veke fann eg ut at eg berre var nøydd til å sjå Adventure Time, og nå har eg snart sett ferdig dei to første sesongane. Så etter å nettopp ha blitt ferdig med eit oppdrag for Jazz på Jølst (som eg kanskje kjem til å poste ting om seinare), ville eg berre teikne noko enkelt og gøy, så då vart det Princess Bubblegum og Lumpy Space Princess i ein haug av rosa skyer.


Eg har tenkt til å lage fanart av Adventure Time som eg bruker litt meir tid på og prøver å teikne i min eigen stil, men enn så lenge så var dette vertfall eit hærlig avbrudd frå meir seriøse ting.

torsdag 8. september 2011

Arwen Undómiel

Eg såg Lord of the Rings: Two Towers her om dagen, fekk fullstendig dilla igjen, og her er resultatet av dét:

Det var ikkje eigentlig meininga å forsøke å etterligne Liv Tyler, men sidan eg syns ho er ein perfekt Arwen så vart det ein blanding av henne og mine eigne idéar.

Eg er også klar ovar at eg har faila kjempemykje på 30 day challengen. Eg vil definitivt gjere den ferdig, men 30 consecutive days klarte eg ikkje, nei.

søndag 4. september 2011

30 day drawing/art challenge - dag seks

Something you've never drawn before.


Fyeah Mummimamma og Lille My! Og særs skissete teikning og fargelegging fordi eg var lat.

lørdag 3. september 2011

30 day drawing/art challenge - dag fem

Eg hadde eit lite avbrekk frå dette grunna besøk, men no er eg tilbake for fullt, håpar eg.

Your favourite outfit.


Sidan eg har så mange ulike stilar, følte eg at det hadde vert feil å teikne berre eit outfit til dette. Så dette er dei fire hovudstilane eg brukar, og det går veldig enten i periodar eller på dagsformen / nerderetninga kva eg går med til vanleg. Likevel er det eit par ting som går igjen. Til dømes tykkjer eg bukser er kjempeekle å gå i, og brukar aller helst skjørt eller kjolar i alle samanhengar.

Dette vart litt meir latskapsprega enn dei forrige teikningane, men eg skal prøve å lage noko finare i morgon.

Credit where credit is due: Green Lantern skjorta eig eg, men biletet er tatt frå Superherostuff.com, der eg bestilte den frå (og det forøvrig er massevis av fantastiske nerdete t-skjorter og anna).

Når symaskina er øydelagt...

...danser musene på bordet!

Eventuelt tek ein fram nål og trå og syr for hand. Så etter at Ingrid Marie drog heim i dag vart eg sittande ved kjøkkenboret med eit stykke ullstoff. Dette stoffet (som eigentlig var ein gensar) har eg hatt sidan ei oppgåve på vidaregåande, der vi klipte og tova massevis av gamle ullklede frå FreTex, og eg forelska meg slik i stoffet at eg tok det med heim for å kunne sy noko av det ein dag. Den dagen vart visst i dag.

Og når eg først syr/lagar meg noko så må eg sjølvsagt fram med sminkekosten og parykkar og slikt etterpå, så eg kan vise det fram litt skikkelig. Her er vertfall resultatet:





onsdag 31. august 2011

30 day drawing/art challenge - dag fire

An animal you think is really cute.


Eg som skal bli kunstnarkattedame måtte liksom teikne ein katt, føler eg. Sjølv om eg ikkje kan det, og sikkert burde brukt referanse, og potane og slikt dermed ser heilt feil ut. Men i det minste er den litt søt?

tirsdag 30. august 2011

30 day drawing/art challenge - dag tre

One, some or all of your friends.


Dette er Thordis. ♥

Med litt for smale skuldre og lang hals, sidan eg originalt ikkje hadde tenkt til å gjere det så realistisk, men akk.

søndag 28. august 2011

30 day drawing/art challenge - dag ein

Lat meg på førehand beklage blandinga av norsk og engelsk her, men sidan denne saken er på engelsk blir det nok litt av kvart.



Yourself or your persona


fredag 26. august 2011

KATTER

Dette er eigentlig mest eit test-innlegg for å sjå korleis designet ser ut. Men eg følte eg måtte ha litt innhald også, så her er eit bilete av Selina og Grayson då dei var små babykatter.


Det er godt mogleg eg legg ut fleire bilete av katter i framtida, sidan eg er særs glad i dei. Ellers er ting ein kan kome til å finne her: teikningar, camwhoring, fantasy, sci-fi, superheltar og galskap.