lørdag 3. september 2011

30 day drawing/art challenge - dag fem

Eg hadde eit lite avbrekk frå dette grunna besøk, men no er eg tilbake for fullt, håpar eg.

Your favourite outfit.


Sidan eg har så mange ulike stilar, følte eg at det hadde vert feil å teikne berre eit outfit til dette. Så dette er dei fire hovudstilane eg brukar, og det går veldig enten i periodar eller på dagsformen / nerderetninga kva eg går med til vanleg. Likevel er det eit par ting som går igjen. Til dømes tykkjer eg bukser er kjempeekle å gå i, og brukar aller helst skjørt eller kjolar i alle samanhengar.

Dette vart litt meir latskapsprega enn dei forrige teikningane, men eg skal prøve å lage noko finare i morgon.

Credit where credit is due: Green Lantern skjorta eig eg, men biletet er tatt frå Superherostuff.com, der eg bestilte den frå (og det forøvrig er massevis av fantastiske nerdete t-skjorter og anna).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar