Eg finn ikkje igjen teikningane mine til korleis kjolen skulle sjå ut, men jaja. Her er vertfall stoffet eg endte opp med å bruke. Eg fann ikkje lin i den fargen eg ville ha, så eg kjøpte eit som var salviegrønt og brukte blå stoffarge til å få det slik eg ville.
Her er vertfall planen for korleis kappa mi skulle bli. Ikkje like mykje research og dette-skal-bli-100%-autentisk, her, men eg prøvde å vertfall få den til å sjå sånn omtrentlig ut som den kunne passe inn.
Denne kappa er likevel kanskje det beste eg har laga nokon gong. Den er varm og ullete (uten å vere kløete) og fantastisk og eg har fleire gongar sovet i den i staden for dyne.
Eg måtte sjølvsagt også ha noko å oppbevare ting i, så eg lagde ein liten veske/pose/ting (dvs eg lagde to, men den andre har eg ikkje bilete av) til å henge på beltet.
Ladida prosess!
Biletet øverst er tatt av min far, i midten av Karoline Andersen, på veg til/på middelalderfestivalen.
Bileta under er fra Desucon, der eg lekte alv, og er tatt av Ingrid Marie Bragdø (venstre) og Danarki (høgre).
Så det! Neste kostyme eg held på med er eit cosplay av Sansa fra Game of Thrones, men det skal få sin eigen post når eg har litt meir å vise fram. Kanskje.
Pent, Ingrid! Du passer så bra til den type klær også.
SvarSlettSyv
Tusen takk :D
SlettAbsolutt nydelig kostyme! Kappa ser virkelig god og varm ut, blir du forbanna på meg om jeg hermer?
SvarSlettTakk, og den er fantastisk god og varm, og neida, ooog wow dette er eit veldig treigt svar.
Slett